Forskottering av midlar til vegbygging - riks- og fylkesvegar

Forskottering av midlar til vegbygging - riks- og fylkesvegarGod kommunikasjon er ein vesentleg føresetnad for utvikling av næringsliv og busetjing.
Køen av vegprosjekt som ein ønskjer vert gjennomført, er langt større enn tilgjengelege midlar. Myndigheitene har opna opp for samarbeid med andre om finansieringa av enkeltprosjekt. Gjennom forskotteingsordninga har vi difor kunna påverka prioriteringa for både riks- og fylkesvegar. Her har Fusa Kraftlag SA ein nøkkelrolle som ein av dei største bidragsyterane til forskottering av vegar i kommunen.

Det er to vegstrekningar, Riksveg 48 frå Samnanger til Kvam og fylkesveg 122 Fusa - Strandvik vi har konsentrert oss om.
Første forskottering til RV 48 i 2000, omhandlar parsellar heilt i sør, på grensa til Kvam. Sidan er det forskottert 55 mill. kroner til Holmefjord parsellen og 55 mill. kroner til Moshovdatunnellen. Arbeidet med Tysse-tunellen er godt i gang, og her har kraftlaget forskottert 30 mill. kroner.
Også på FV 122 er forskotteringa gjort parsell for parsell. No gjennstår kun parsellen frå Fusa til Skåte og når denne parsellen er fullført vil det være god vegstandard frå Fusa til Strandvik. Samla har Fusa Kraftlag SA løyvt 28,5 mill. kroner til forskottering av fylkesveg 122.

Alt i alt har Fusa Kraftlag løyvt 173,7 mill. kroner som forskottering til vegar. Dette er eit stort løft, som årleg kostar mange millionar kroner i renter. Vi har tru på at det er vel anvendte pangar, som bidreg til den utviklinga av lokalsammfunnet som medlemmane i Fusa Kraftlag SA har sagt dei ønskjer vi skal delta i.