
Drivkraft for lokal utvikling
Kapitalfondet - grunnlaget for å delta i samfunnsutviklinga
I 1996 solgte Fusa kraftlag sine aksjar i Sunnhordland kraftlag AS. Kapitalfondet blei då oppretta med ein grunnkapital på 71 mill. kroner. I 2002 vart aksjane i BKK AS seld, og nye 90 mill. kroner vart tilført fondet. Dette har sett oss i stand til å ta ei nøkkelrolle i utviklinga av lokalsamfunnet, utover våre primæroppgåver.
Det er brei oppslutnad på kraftlaget sine årsmøter om at Fusa kraftlag SA skal nytta deler av avkastinga frå kapitalfondet til allmennyttige tiltak til beste for innbyggjarane. Ramma for denne delen av verksemda vert lagt fram på laget sine årsmøter, der det er høve for laget sine medlemmer å påverka satsinga på allmennyttige tiltak.
Fusa kraftlag SA si støtte til allmennyttige føremål kan inndelast i følgjande hovudpunkt:
Forskottering til vegbygging og anlegg for idrett og kultur
Tilskot til større prosjekt
Rentefrie lån
Bilete av “pålabilen” i 1962.
God infrastruktur er ein vesentleg føresetnad for utvikling av næringsliv og busetjing. Køen av vegprosjekt som ein ønskjer vert gjennomført, er langt større enn tilgjengelege midlar. Myndigheitene har opna opp for samarbeid med andre om finansieringa av enkeltprosjekt. Gjennom forskotteringsordninga har me difor kunna påverka prioriteringa for både riks- og fylkesvegar. Her har Fusa kraftlag hatt ei nøkkelrolle som ein av dei største bidragsytarane til forskottering av vegar i kommunen.
Det er to vegstrekningar Fusa kraftlag har fokusert på: Riksveg 48 frå Samnanger til Kvam og fylkesveg 122 Fusa - Strandvik.
I 2000 starta ein med å forskottere midlar til RV 48, først til parsellar heilt i sør ved grensa til Kvam. Seinare er det gitt 55 millionar kroner til Holmefjord-parsellen, 55 millionar kroner til Moshovdatunnelen og 30 millionar kroner til Tysse-tunnelen.
For fylkesveg 122 Fusa - Strandvik har kraftlaget bidrege med 28,5 millionar kroner.
Totalt har Fusa kraftlag forskottert 173,7 millionar kroner til vegutbygging. Dette er eit stort løft som årleg kostar mange millionar kroner i renter. Me trur det er vel anvendte pengar som bidreg til den utviklinga av lokalsamfunnet som medlemmane i Fusa kraftlag ønskjer me skal delta i.
Forskottering av midlar til vegbygging
Forskottering av kommunale løyvingar til idretts- og kulturanlegg
Når nye idretts- og kulturanlegg skal byggjast, er tilskot frå tippemidlar ei viktig finansieringskjelde. Det kan likevel ta fleire år frå ein søknad vert sendt til pengane vert utbetalt. I slike tilfelle har Fusa kraftlag gått inn og forskottert tippemidlane.
Denne forskotteringa har gjort det mogleg å byggja ut anlegga mykje tidlegare enn om ein skulle venta i køen. Med stramme kommunale rammer for bygging av idrettsanlegg, har det vore vanskeleg for kommunen å bidra med midlar til mange gode prosjekt. Her har kraftlaget også gått inn og forskottert kommunen sine tilskot etter at kommunen har vedteke å støtte tiltaket.
Gjennom denne forskotteringsordninga har kraftlaget bidrege til realiseringa av dei fleste anlegg som har vorte bygd i vårt lokalmiljø dei siste åra
Nokre forskotteringar siste åra
Fusa ridehall
Innendørs skytebane i Strandvik
Kunstgrasbane i Eikelandsosen
Sandvolleyballbane ved Bogøytunet
Tilskot
Fusa kraftlag bidreg med gåver til idrettsanlegg eller kulturelle arrangement som kjem lokalmiljøet til gode. Gjennom slike gåver ønskjer me å byggja oppunder engasjement for samfunnsutvikling og trivsel i nærmiljøet. Det er gitt tilskot til bygging og oppgradering av idrettsbaner, kulturhus og viktige møteplassar som styrkjer fellesskapet.
Ved å investere i desse prosjekta, ønskjer ein at born, unge og vaksne får høve til å delta i eit aktivt og mangfaldig fritidstilbod. Me håpar dette er med å gjera lokalsamfunnet til ein endå betre stad å bu. Gjennom samarbeid med lokale organisasjonar og frivillige, sikrar dei at midlane vert brukt der dei gjer størst mogleg nytte og skaper positive ringverknader for framtidige generasjonar.
Fjorden arena - 10 millioner
Padelbane Bogøytunet - 100 tusen
Hålandsdalspelet - 50 tusen
Nye benkeomnar i Strandvik kyrkje - 300 tusen
Eksempel på tildelingar
Rentefrie lån
Fusa kraftlag gjev også ut rentefrie lån til saker som kjem lokalmiljøet til gode. Dette er mellom anna gitt til reasfaltering av vegen opp til Bygdastølen ski- og tursenter, noko som har gjort tilkomsten tryggare og meir tilgjengeleg for alle som ønskjer å nytte seg av anlegget. Vidare har ein også støtta Bjørnafjorden utviklingsselskap med lån til bygging av Samnøy næringspark, eit prosjekt som legg til rette for lokal næringsutvikling og nye arbeidsplassar. Fusa kraftlag ønskjer å bidra til bærekraftig utvikling og trivsel i regionen, og jobbar for å styrkja infrastrukturen og skapa eit meir levande og attraktivt lokalsamfunn.
Nokre rentefrie lån frå Fusa kraftlag:
Reasfaltering til Bygdastølen ski- og tursenter
Samnøy Næringspark