Bli medlem i kraftlaget, det løner seg!

Visste du at som kunde hos Strøyma og Lysna kan få kjøpsutbytte frå Fusa Kraftlag?


Kva vil det sei at Fusa Kraftlag er eit samvirke?

Fusa Kraftlag er organisert som eit samvirke (SA). Dette betyr at me er eigd av medlemma og har som formål å fremma medlemmanes interesser. Dersom du er fastbuande eller er organisasjon med forretningsadresse i Fusa kraftlag sitt konsesjonsområde, så kan du bli medlem dersom du er kunde hos Strøyma AS eller Lysna AS.

Som medlem i Fusa Kraftlag SA vil du nytta godt av fleire fordelar. Ein av dei viktigaste er moglegheita til å motta kjøpsutbytte basert på all handel du gjer med våre dotterselskap, Strøyma og Lysna. Eit eventuelt kjøpsutbytte blir vedteke på årsmøtet til Fusa Kraftlag.

Vidare gjev ditt medlemskap deg ei rolle i avgjerdsprosessar for Fusa Kraftlag. Som medlem har du stemmerett på årsmøtet, der du kan vera med å forma framtida for kraftlaget. Dette gjev deg ei unik moglegheit til å påverka dei avgjerdene som vert tekne, og sikra at me held fram med å levera dei beste tenester til våre medlemmar og kundar.

For Fusa Kraftlag er det viktig å vera ein lokal leverandør som gjev tilbake til lokalmiljøet. Me jobbar kontinuerleg med å styrka lokalsamfunnet gjennom ulike prosjekt og initiativ. Ved å velja Fusa Kraftlag støttar du ei bedrift som set lokalmiljøet først.

Korleis bli medlem?

Dersom du oppfyller krava til medlemsskap, kan du søkja om å bli medlem. Ved innmelding betalar du eit medlemsinnskot på kr. 200,- som vert tilbakebetalt ved evt. utmelding.

Ønskjer du å bli medlem, send inn søknadsskjema som du finn under.

Vil du veta meir om reglar for medlemskap, og dei rettar og plikter som følgjer med, finn du dette i selskapet sine vedtekter.

Du kan også lese lova som er grunnlaget for våre vedtekter: Samvirkelova


Søknad om medlemskap