100 000 kroner til padelbane på Bogøy
Bogøytunet skal byggja bane for padeltennis, og søkte med det midlar hos Fusa kraftlag SA. Til dette prosjektet mottek dei 100 00 kroner. Arbeidet og vedlikehaldet av banen vil i stor grad bli gjennomført på dugnad, som dei sjølv seier er eit godt innarbeida i bygda.
I søknadsbrevet skriv dei litt om bakgrunnen for utbygginga:
«Nore Fusa opplever spennande tider med mykje næringsutvikling pågang og vi håpar på vekst. Parallelt med vekst i arbeidsplassar må vi også ha ein vekst i fritidstilbod. Ein ny padeltennis-bane vil vera eit positivt bidrag i denne samanheng.»
Dette anlegget er i tråd med utdeling av midlar frå kapitalfondet til Fusa kraftlag SA, og godkjent av styret. Ønskjer du å lesa meir og kapitalfondet og Fusa kraftlag SA sitt samfunnsansvar, kan du gjera det her.
Bana er tenkt å stå klar sommaren 2023, og vil vera open for alle som ønskjer å prøva den.