3,5 millionar i kjøpeutbytte
Kjøpeutbytte for 2023
Årsmøte i Fusa kraftlag har beslutta å dele ut kjøpeutbytte til medlemmer på 3,5 millioner kroner for 2023. Kjøpeutbytte vil bli fordelt hausten 2024 etter all handel med Kraftlaget sine dotterselskap, Lysna AS og Strøyma AS. Dette inkluderer mellom anna nettleige, fiber, straum og veglys.
Kven kan vere medlem?
Både bedrifter og privatpersonar kan vere medlem i Fusa kraftlag. Alle personar som er busette i, eller organisasjonar med forretningsadresse i Fusa Kraftlag sitt konsesjonsområde og som kjøper varer eller tenester frå eit selskap som Fusa Kraftlag eig åleine eller saman med andre, kan vera medlem. Medlemsinnskotet er kr 200. Vedtektene kan lesast her.