Grethe Tuft Soltvedt mottek ungdomsstipend 2023
Ungdomsstipend blir utlyst kvar haust, og delast ut til ungdom mellom 16-30 år, som har utmerka seg på eit høgt nivå innan idrett eller kultur. Stipendet er på 25.000 kroner.
I år var mottakar av ungdomssipendet Grethe Tuft Soltvedt. Ho er 25 år og har utmerka seg stort innan volleyball og beach volleyball. Soltvedt spelar i dag på elitelaget TIF Viking. I fjor kom dei på 3. plass og har store ambisjonar for komande sesong. Soltvedt er kaptein på laget, og var ein av dei spelarane som tok mest poeng forrige sesong.
I sommar blei ho tatt ut på seniorlandslaget i volleyball, og skal difor spele landskampar neste år.
Me gratulerar Grethe Tuft Soltvedt med ungdomsstipendet og ønskjer ho lykke til vidare. Me heiar på deg!