Lysna og Strøyma søkjer nye medarbeidarar – spanande stillingar ledige

Er du på jakt etter nye utfordringar innan kraft eller fiber? Fusa Kraftlag sine dotterselskap, Lysna og Strøyma, lyser ut fleire spanande stillingar som gjer deg moglegheita til å bli ein del av eit konsern med fokus på lokal verdiskapning!

Me ser etter dyktige medarbeidarar til følgjande stillingar:

  • Fibermontør – Strøyma
    Vil du vere med å levere lynrask fiber til våre kundar? Som fibermontør hos Strøyma vil du vere ein del av eit team som jobbar med installasjon, drift og vedlikehald av fiber.

    Stillingsutlysning finn du her.

  • Driftsleiar – Lysna
    Lysna søkjer ein engasjert og dyktig driftsleiar som vil få ansvar for sikker og påliteleg drift av straumnettet vårt. Perfekt for deg som ønskjer ei leiande rolle i eit selskap med fokus på tryggleik og kvalitet.

    Stillingsutlysning finn du her.

  • Energimontør – Lysna
    Har du erfaring innan montasje og vedlikehald av energianlegg? Lysna ser etter ein dyktig energimontør som vil vere med å sikre straumforsyninga til våre kundar.

    Stillingsutlysning finn du her.

Om Lysna og Strøyma
Lysna og Strøyma er dotterselskap av Fusa Kraftlag. Lysna eig, driftar og vedlikeheld straumnettet i tidlegare Fusa kommune, medan Strøyma tilbyr straum og fiber. Begge selskapa har eit sterkt fokus på kvalitet og lokalt engasjement.

Bli ein del av laget!
Klikk på lenkjene for å lese meir om stillingane og sende inn din søknad. Me gler oss til å høyra frå deg!

Neste
Neste

Mørke veglys?