Skaparkraft!

Skaparkraft er ei Innovasjonsveke som gjennomførast i Gründerparken i Eikelandsosen.

Skaparkraft er eit initiativ frå Fusa Kraftlag som på denne måten ynskjer å støtta lokale initiativ i næringslivet i Bjørnefjorden. Fusa Kraftlag inviterer til Skaparkraft i samarbeid med Bjørnefjorden Gründerpark og Bjørnafjorden Næringsråd.

Kven kan være med på Skaparkraft?

Me ønskjer deltaking frå bedrifter/gründarar både i Os og Fusa.

Alle som har ein idé dei meinar kan skapa vekst og konkurransekraft kan delta i konkurransen om midlar frå Skaparkraft.

Du kan vera i ein oppstartsfase eller tilsett i ei etablert bedrift.

Du har ein idé som kan gjera bedrifta di meir effektiv, meir berekraftig, den kan bidra til å få nye kundar eller til utvikling av nye produkt eller tenester. Som deltakar definerer sjølv kva du meinar skal til for at du skal få vidareutvikla prosjektet ditt. Du kan vinna prosjektstøtte mellom 5.000 – 50.000 kroner. Tildeling kan også bli gitt til dedikert konsulenthjelp.

Kva skal presenterast for juryen den 19 september. 5 minutt.

  • Presentasjon av ide/prosjekt. Kort og enkelt.

  • Korleis vil dette prosjektet skape vekst.

  • Presentasjon av motivasjon og kompetanse til dei som skal gjennomføra prosjektet.

  • Framdriftsplan (Mål, delmål og tiltak)

  • Budsjett og eigeninnsats. Søknads-sum.

  • Kvifor dette prosjektet bør få midlar frå SKAPARKRAFT

Kriteriar som juryen vil bedømma prosjektet ditt etter:

Søknaden din vurderast av 6 kompetente jurymedlemmer.  Leiar i juryen er Tove Hjartnes Fosså frå Fusa Kraftlag.

1) Kva : Vil dette prosjektet skapa berekraftig vekst i bedrifta, eller bidra til å få gründeren/prosjektet i gang ?

2) Kven : Har søkjar gjennomføringsevne og god eigeninnsats i prosjektet ?

3) Korleis: Er forretningsplan, tiltak og framdriftsplan i prosjektet realistisk og gjennomførbar ?

  • Samfunnsnyttige gevinstar blir vurdert positivt.

Kontakt for spørsmål:

Mette Fagerli  T: 952 33 592  » mette@bjornafjordennaringsrad.no

Forrige
Forrige

Vår Energi - Haust 2019

Neste
Neste

Kundemagasinet Vår Energi