Kjøpsutbyte til medlemmane
Når laget går med overskot kan inntil 25% av overskotet delast ut som kjøpsutbyte til medlemmane. Kraftlaget gjekk med overskot i 2019 og årsmøtet vedtok at me i år skal dele ut heile 1,5 millionar kroner i utbyte!
Me håpar at dette vil hjelpe litt på kvardagsøkonomien, som for mange har vorte litt trongare enn vanleg på grunn av Covid-19.
Me vil og minne om at dess meir ein handlar med laget, dess meir får ein i kjøpsutbyte. Har du både nettleige, straum og breiband frå Fusa Kraftlag og Strøyma vil det gjere utslag på utbytet ditt. For 2019 vil eit medlem som har alle desse tre tenestene frå oss få ca. 3 gonger meir i utbyte enn eit medlem med berre nettleige.
Har du hus eller hytte ein annan stad enn i tidlegare Fusa Kommune vil du ikkje få utbyte for nettleiga, men om du kjøper straumen til huset/hytta frå Strøyma vil det telje som handel med laget og du vil få utbyte for det og.