Fusa kraftlag delar ut 579 000 kr!
30. november hadde me den store gleda av å dela ut nesten 600 000 kroner til frivillige lag og organisasjonar i Fusa-bygdene! Dette er midlar som kjem til gode i nærmiljøet vårt, til prosjekt og aktivitetar som styrkar fellesskapet.
Full oversikt over tildelinga finn du her.
Kvifor har me moglegheit til å dela ut midlar?
Historia går tilbake til starten av kraftlaget i 1946. Då var Fusa kraftlag med å etablera Sunnhordland kraftlag saman med andre lokale kraftlag i regionen. Målet var ikkje berre å byggja straumnett lokalt, men også å binda saman straumnetta regionalt
I 1996 selde Fusa kraftlag aksjane sine i Sunnhordland kraftlag. Pengane frå salet vart plasserte i fond, og det er denne avkastninga som no gjer det mogleg for oss å dela ut midlar til gode føremål i nærmiljøet
Dette har me gjort i snart 20 år!
I løpet av desse åra har fleire titals millionar blitt delt ut til nærmiljøet vårt. Kvart år invitera me lag og organisasjonar til å søkja støtte til prosjekt og drift gjennom vår utdeling av allmennyttige midlar.
Tusen takk til alle som bidrar til å skapa eit levande og engasjerande lokalsamfunn! Har du ein idé eller prosjekt som treng støtte? Følg med når neste søknadsrunde opnar til hausten igjen!
Tildeling av allmennyttige midlar 2024