Vår Energi - Vår 2020
Lokale nettselskap bidrar med millionar
Små og mellomstore kraftselskap bidrar med om lag åtte milliardar kroner til lokalsamfunnet kvart år. Verdiane skapast ved kjøp og sal av tenester, lønn til tilsette, samt skatt og utbytte. I tillegg sponsar kraftselskapa idrettslag, foreiningar og kulturarrangement. Det kan du lese meir om i vårens utgåve av Vår Energi, som blir distribuert til nettkundane i veke 18. I magasinet kan du også lese om korleis digitaliseringa av kraftbransjen bidrar til å halde nettleiga så lav som mogleg. Ifølge Nettalliansen er det mogleg å kutte kostnadene med opp mot 30 prosent. Vår Energi skriv også om at reguleringsmyndigheita for energi (RME) foreslår å jamne ut nettleiga ved hjelp av ei tilskotsordning. I tillegg har dei lansert tre ulike modellar for effekttariff. Magasinet byr på gode tips til korleis ein kan spare straum. I tillegg er det som vanleg premiekryssord og premiekonkurranse. Premien er ein DAB-radio.
Trykk på biletet for å bla i magasinet