Nye selskap i Fusa Kraftlag SA!
Fusa Kraftlag SA held i desse dagar på å opprette to nye selskap for å danne konsern. Dette er noko me gjer for å tilpasse selskapet til nye krav i Energilova, som vert gjort gjeldande frå 2021. I tillegg til kravet om eigne selskap, blir det også stilt krav til navna på selskapa. Det er ein av grunnane til at me har vore kreative og funne eit heilt nytt namn til det eine selskapet.
Fusa Kraftlag SA eig og driv straumnettet i Fusa kommune, dette er monopolverksemd som me har konsesjon på. Fusa Kraftlag SA har også bygd ut og driftar fibernett i kommunen, samt driv med sal av straum.
Det skal opprettast to nye datterselskap som vil vere 100 % eigd av Fusa Kraftlag SA. Straumnettet vert flytta over i Fusa kraftlag nett AS, mens fibernett/breiband og straumsalg vert flytta over i Strøyma AS.
Å drifte straumnettet på best mogleg vis også i framtida, vil bli Fusa kraftlag nett AS si viktige oppgåve. Dette vil me blant anna løyse gjennom eit samarbeid med 30 andre mindre nettselskap, der me legg til rette for å gjere ting i samarbeid og på same måte for å oppnå stordriftsfordelar. Vidare vil me fortsatt vera eit lite og løysingsorientert selskap som er til stades i lokalmiljøet!
Strøyma AS blir selskapet som fortsatt skal sørge for gode fibertenester og konkurransedyktige straumprisar til kundane våre. Me ønskjer også å utvikle dette selskapet til noko meir, som kan skapa enda fleire gode lokale arbeidsplassar.
Vårt mål er altså å fortsetje å levere gode tenester til kundane våre og utvikle oss slik at me også i framtida kan vera ei lokal bedrift i Fusa kommune og etter kvart Bjørnafjorden kommune.
Å levera gode tenester til kundane våre, skapa vekst og lokale arbeidsplassar har vore Fusa Kraftlag SA sine viktigaste oppgåver sidan selskapet vart etablert i 1946. Desse verdiane vert like viktige i åra som kjem. Lokale arbeidsplasser er viktig for å oppretthalda busetnad i bygdane våre.
Infrastrukturselskapet Fusa Kraftlag SA har sidan oppstarten bidrege til å byggja ulik infrastruktur i kommunen vår. Det begynte med behov for straum til private og bedrifter i Fusa kommune. Seinare har me bygd ut fibernett i heile kommunen, fleire bedriftseigarar hevdar at dette er avgjerande for at dei kan drive verksemd her lokalt.
Endringane vil bli gjort i 2020, det er mykje som skal på plass og me ser det som ein fordel å begynne med dei nye selskapa no. Dette gjer at me kan få ein noko smidigare overgang fram til regelverket trer i kraft i 2021.
Sjølv om det vert endring av namn, logo og selskap vil den viktigaste ressursen vera akkurat som før. Våre fantastiske medarbeidarar, både ute og på telefon vil vera dei same. Når noko skjer, så er me her!