Melina Berntsen Mol mottok ungdomsstipend frå Fusa kraftlag
Ungdomsstipend frå Fusa kraftlag skal løfta fram ungdom som utmerkar seg innan idrett og kultur i lokalmiljøet. Stipendet er på 25 000 kroner.
I år var mottakar av ungdomssipendet Melina Berntsen Mol. Mol er berre 16 år, men har allereie merka seg godt i volleyball og sandvolleyball. Så langt kan 16-åringen smykka seg med to NM-gull i U15, to NM-gull i U17, eitt NM-gull i U19, eitt NM-sølv i U17, eitt NM-sølv i U19, to regiongull med Hordaland, bronse i senior-NM og 5. plass i U18-EM. Den store draumen hennar er éin dag å kunna representera Noreg i OL, VM og EM.
Me gratulerer Melina Bertsen Mol med ungdomsstipendet og ønskjer ho lykke til vidare. Me heiar på deg!