Utdeling av allmennyttige midlar

Tysdag 15. november blei det arrangert Frivilligfest av Fusa frivilligsentral og Fusa kraftlag i Eikelandsfjorden samfunnshus.

2022 er frivilligheitas år, og det var difor kjekt å få feira det frivillige arbeidet som blir lagt ned i lokalmiljøet vårt.

Fusa kraftlag delte ut allmennyttige midlar til lag og organisasjonar som skapar samhald, engasjement og glede. 440.000 kroner blei delt ut denne kvelden.

Fusa frivilligsentral delte ut Frivilligpris, som Ove Vindenes mottok.

Tusen takk til alle frivillige som legg ned ein innsats i lokalmiljøet slik at andre skal ha det bra. Me heia på dykk!

Forrige
Forrige

Melina Berntsen Mol mottok ungdomsstipend frå Fusa kraftlag

Neste
Neste

Fusa kraftlag søkjer medarbeidar med høgare utdanning innan økonomi