Bratthus kraftverk AS
Bratthuselva ligg på Bratthus i Øvre Hålandsdal i Bjørnafjorden kommune. Bratthus Kraftverk utnyttar fallet i Bratthuselva mellom inntakt kote 252 og kraftstasjon på kote 62.
Bratthus Kraftverk AS er eit samarbeid mellom Fusa Kraftlag SA(59,5%), Heidal Holding AS (24,5%) og grunneigarar (16%).
Anlegget vart bygd ved hjelp av taubane og spesialgravemaskin (Menzi Munek). Arbeidet vart utført av Heidal Grunn og Betong AS, Hordaland Rørteknikk AS og H. Ådland AS.
Også ved inntaket er det nytta nyutvikla teknologi. Heidal Inntaket er utvikla av Heidal Grunn & Betong AS. Inntaket er eit automatisert inntakssystem med sjølvrensande eigenskaper.
Teknisk informasjon
Litt historie
Det er ikkje første gangen Bratthuselva er nytta til å produsera kraft. Det har tidlegare vore kraftverk i elva for produksjon av kraft til ein verkstad som dreiv med skaftproduksjon.