Hopselva Kaftverk AS
Hopselva ligg på grensa mellom Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Hopselva Kraftverk utnyttar fallet mellon inntak i Sævildvatnet på kote 184,6 og kraftstasjon på kote 23.
Hopselva Kraftverk AS er eit samarbeid mellom Fusa Kraftlag SA (51%), SKL Produksjon AS (49%) og fallrettseigarane til elva.
Teknisk informasjon
Litt historie
Hopselva har vore nytta som energikjelde i mange hundre år. Alt på 1600-talet var det oppgangssager på Hope og Sævild. På Sævild var det sagbruk med vatn som drivkraft fram til omlag 1965.
Samarbeid mellom Sævild og Hope har og lange tradisjonar. I etterkrigstida vart det mellom anna skipa til selskap som skar og leverte i til meieri og fiskefartøy. Isen vart skoren og lagra ved Sævildvatnet, herav namnet Islageret.
Grunneigarane sine planar om kraftverk i Hope tok til i 1997 og byggestart var september 2008.